Familien Matre si heimeside

 

 

Velkomen til heimesida til familien Matre.

 

Familien vår består av mamma Svalaug, pappa Dag Arne, tvillingane Vegard og Aslak, og minstemann Erlend. Av dyr i familien har me ein katt, Pusi, og to hundar, Nita og Lampard. Nita og Pusi ser me på bilete her, ingen tvil om at det er katten som er øvst på rangstigen.

 

Nita er ein bayersk viltsporhund frå Harbackens kennel like utanfor Uppsala i Sverige, Lampard er sonen hennar. Pusi er ein ukjent rekafant som Svalaug fant like ved der me bur. Me trur han er jaga vekk frå nabogården av sjefshannkatten der.

 

Me bur i Sandeid, som ligg i Vindafjord kommune heilt nord i Rogaland.

 

 

 

Championat frå Nita sitt første kull

 

Sist oppdatert 10/07-2014:

5 x SE VCH: Freyr, Fenris, Lampard, Freyja, Freke

3 x N UCH: Lampard, Flisa, Freke

3 x N VCH: Lampard, Freke, Flisa

2 x SE JCH: Freyr, Freyja

3 x N J(SCH)CH: Lampard, Freke, Flisa

 

Championat frå Nita sitt andre kull

 

Sist oppdatert 10/07-2014:

2 x SE VCH: Gustav Oscar Emil, Greta

 

Gratulerer alle saman. Håpar at oppteljinga er rett, gje beskjed dersom det skulle vere noko feil her.

 

 

matre.net © 2009-2011 • Privacy Policy • Terms of Use

www.matre.net