Kvelpar 2012/2013

 

 

Vi skal prøve å få eit kull til på Nita vinteren 2012/2013. Framgangsmåten har vore som forrige gang, ein hannhund som heiter Yukon wom Wolfsburg er blitt foreslått av ISHV. Meir informasjon vil bli lagt ut her.

 

 

2012-11-01

 

Nita har fått løpetid. Det blir Tysklandstur andre helga i november.

 

 

2012-11-15

 

Tilbake frå Tyskland. Har begynt å lage ei side om Yukon vom Wolfsborn, for dei utolmodige kan dei i alle fall sjå stamtavla:

 

Yukon vom Wolfsborn

 

 

2012-12-04

 

Nita har vore kvalm og kasta opp eit par dager no. Er det eit godt tegn?

 

 

2012-12-13

 

Ser ut på spenane som Nita er drektig. Ei usikkert mål rundt magen viser ein cm eller to større omkrets.

 

 

 

2012-12-22

 

Det er ikkje lenger nokon tvil om at Nita er drektig. Så då er det berre å krysse fingrane for at alt går bra, og at det blir ei fordeling av tisper og hannar som passar til kvelpekjøperane sine ønskjer.

Vi vil ønskje alle nye og gamle kvelpekjøperar god jul og godt nytt år.

 

 

 

2012-12-26

 

Nytt bilde av Nita:

 

 

Ser det ikkje så godt, men ho er blitt stor.

 

 

2013-01-02

 

Nita veks meir og meir, ein kan kjenne kvelpane bevege seg i magen no. Kvelpekassen er og på plass.

 

 

 

2012-01-06

 

No nærmar det seg kvelping. Termin er neste helg, men eg trur det kjem i løpet av veka, har tippa onsdag.

 

 

 

2012-01-08

 

11:45: Nå vil eg tru utblokkingsfasen er begynt, Nita er i alle fall meir uroleg. Dersom første kvelp hadde komme kl 15 i ettermiddag, ville det vore omtrent på sekundet like lenge som første kull...

 

 

2012-01-09

 

08:30: Ingenting skjedde i går. Men idag har eg tru på at det startar.

13:15: Da er det i gong. Den første, ei tispe, blei fødd 13:00.

20:30: No har det vore litt styr her. Det kom først tre stykk, 2T+1H, så blei det stopp. Etter vel tre timar reiste me til dyrlegen, og Nita fekk ei riesprøyte. Det kom då ut ein med åpen buk, denne var sannsynlegvis årsak til at det stoppa. Riesprøyta gjorde at det kom to til, slik at status no er 5 levande, 4 tisper og 1 hannhund. Me tok og røntgen, det er tre stykk igjen.

22:10: Ei ny tispe er fødd, 5T+1H nå.

00:00: Hannhund, 5T + 2H nå

01:00: Tispe, 6T + 2H. Mulighet for navnlebrokk på dei to siste, Nita åt morkaka heilt inntil magen før eg ante ordet av det.

 

 

2013-01-10

 

Det var ei hektisk tid i går kveld og i natt. Kullet er mykje jevnare enn det første, fødselsvekta var fra 350 til 400 for tispene, 430 og 465 på hannane. Til samanlikning var Lampard frå første kullet 212, og gjekk ned til 190 før han tok seg opp. Det var og eit par av tispene som var under 300. I sum vog kvelpane i dette kullet 3550 gram, mens det første var 3410 med to fleire kvelpar. Nita og kvelpane ser ut til å ha det fint, tida i dag har stort sett gått med til å ete og sove for å ta seg inn igjen.

 

 

2013-01-11

 

Lite nytt å melde i dag (no news is good news).

 

 

Tidleg sosialisering: Nita ser på at Erlend med kompis Ådne passar kvelpane mens me skiftar underlag i kvelpekassen.

Er det nokon som kan photoshoppe vekk brannslokningsapparet og rotet i bakgrunnen?

 

 

2013-01-12

 

Alle kvelpane har gått opp ca. 40-50 gram frå i går til idag. Nita må ete som ein hest for å lage melk nok til dette.

 

 

2013-01-13

 

Totalvekta på kvelpane er no 3820 gram, opp 360 frå i går. Dei varierer no frå 420 til 520.

 

 

2013-01-14

 

4225 gram, 440 til 580.

 

 

2013-01-15

 

4560 gram, 485 til 630.

Klikk her for ein video frå kvelpekassen.

 

 

2013-01-16

 

5000 gram, 525 til 670.

 

 

2013-01-17

 

5435 gram, 585 til 740. Ser enkelte spede forsøk på å reise seg, men dei klarar sjølvsagt ikkje det. Ikkje noko tegn til at dei åpnar augene enno.

 

 

2013-01-18

 

5720 gram, 592 til 778. Ingen teikn til auger enno.

 

 

2013-01-19

 

6070 gram, 640 til 825. Dei fekk første kloklipp i dag.

 

 

2013-01-20

 

6670 gram, 680 til 920. Enno ingen som har åpna augene.

 

 

2013-01-21

 

6925 gram, 730 til 940. Såg første antydning til åpning av augene no. Og det er på tide, så ein slepp fleire slike feil som dette:

 

 

 

2013-01-22

 

7465 gram, 800 til 1000. Første til kiloen var ei tispe. Alle har nå fått antydning til auge, nokon har stor åpning.

Her ein liten video frå kvelpekassen.

 

 

2013-01-23

 

7845 gram, 830 til 1065. Fire som har passert kiloen nå. Dei er to veker no, og dei første prøver seg på nokre ustøe steg.

 

 

2013-01-24

 

8276 gram, 860 til 1140. Nita har begynt å ta lengre pauser vekke frå dei nå.

 

 

2013-01-25

 

8710 gram, 930 til 1215. Nå er dei såvidt begynt å gå sine første ustødige steg.

 

 

 

2013-01-26

 

Er det nokon som vil ha meg?

 

 

9185 gram, 965 til 1270.

 

 

2013-01-27

 

9610 gram, 1030 til 1310. Då var alle passert ein kilo, men målingane er noko usikre etterkvart. Kvalpaner urolege på vekta, den dansar kanskje frå 1100 til 1130, men det spelar ingen rolle. Dei legg på seg heilt normalt.

 

 

2013-01-28

 

9915 gram, 1070 til 1350.

Trangt i kvelpekassen nå:

Kødda, har dei oppi her mens me skiftar i den ordentlege kassen.

Litt skvisa, men går fint å sove for det:

 

 

2013-01-29

 

10150 gram, 1115 til 1365. Då tippa gjengen 10 kilo, men nå er målingane endå upålitelege. Dei er veldig urolege på vekta.

Då me kom ned i dag tidleg hadde ein komme seg ut av kvelpekassen, me fann han (eller ho?) inni ein fòrpose.

Her er ein video frå no ikveld.

 

 

2013-01-30

 

10610 gram, 1165 til 1450. I dag fekk dei ete noko anna enn morsmelk for første gong. Det var litt kjøttdeig, må innrømme eg ikkje har full kontroll på som er i frysaren, så eg veit ikkje om det var hjort eller elg... Det var iallefall noko som falt i smak.

 

 

2013-01-31

 

11310 gram, 1220 til 1550. Dei gjekk mykje opp idag, kanskje det er kjøttdeigen som gir ekstra vektauke? I dag har dei blitt avmaska, og vi har og hatt besøk av ein kvelpekjøpar. Håpar han ikkje blei avskremd.

 

 

2013-02-01

 

11865 gram, 1295 til 1610. Har lagt excel-arket ut her om nokon skulle vere interessert. Har og lagt ut videosnuttar, her og her.

 

 

2013-02-02

 

12415 gram, 1385 til 1685. I dag har dei blitt flytta ut av kvelpekassen og inn på vaskerommet. Dei dreiv og klatra over kanten der, så den blei både for låg og for liten.

 

 

2013-02-03

 

13300 gram, 1495 til 1800. Dei har no fått oppbløytt kvelpafor for første gong. Dei var ville etter det og, noko og vektene fortel oss. Elles ser det ut som det bli ridge på ei av tispene.

 

 

2012-02-04

 

13985 gram, 1575 til 1885. I kveld fekk eit par av dei ligga på brystet til Erlend og meg mens me såg TV2-nyhetene.

 

Her er Erlend i lag med kvelpane på vaskerommet.

 

 

2013-02-05

 

14750 gram, 1730 til 1990. Minner igjen om at målingane er usikre, vekta kan hoppe opp og ned 40-50 gram dersom dei er urolege oppi kassen. Har ikkje så mykje for seg å vege kvar einaste dag no.

 

 

2013-02-06

 

15430 gram, 1790 til 2080. Fire veker allereide...

 

 

2013-02-07

 

16105 gram, 1880 til 2180. Minner om at Excel-arket som det er linka til ovanfor stadig blir oppdatert. No skal eg ta med meg ein kvelp og kose med ein halvtime på sofaen før eg går til sengs.

 

 

2013-02-08

 

16550 gram, 1935 til 2230.

 

 

2013-02-10

 

Dessverre ingen oppdatering i går pga besøk, ettersøk etter påkøyrd hjort osv. Men tala for i går var 17235 gram, 2015 til 2320, og idag 18145 gram, 2110 til 2440. Alle la på seg mykje til i dag, men dei hadde ete mykje rett før veging. I dag har det vore utstilling i Ølen, og storesøster Flisa blei BIR og fekk cert, storebror Lampard blei BIM, fekk cert og blei NUCH.

 

 

2013-02-11

 

18910 gram, 2180 til 2550. Det er tydeleg at kvelpane er blitt utskjemde av besøket i helga, no er alle ville etter å bli tatt opp når me nærmar oss kvelpekassen. Dei har fått ny ormekur idag, dei skulle ha oftare av den typen me fekk no enn den me brukte på forrige kull.

 

 

2013-02-12

 

19310 gram, 2220 til 2640. Mindre opp i siste døgn enn i går, det er fordi dei i kveld vart vegd rett før siste måltid, i går rett etter. Eller er no dei to hannane størst, det måtte jo skje før eller seinare, i vaksen alder vil dei vege 5-10 kg meir enn tispene.

 

 

2013-02-13

 

20590 gram, 2350 til 2840. Hannhundene skiller seg meir og meir ut som dei største no. Elles har det vore fleire kvelpekjøperar på besøk for å skjemme dei endå meir ut.

 

 

2013-02-14

 

21350 gram, 2450 til 2930.

 

 

2013-02-17

 

23360 gram, 2660 til 3250. Har hatt besøk i helga, derfor blei det ikkje veging verken fredag eller laurdag. Dersom nokon skulle sjå på excel-arket, er tala for dei to dagane berre lagt inn for å få fine grafar. Får vel dele legge ut eit bilde si målingane fradag og laurdag mangla:

Øyrene veks eit par millimeter kvar dag no.

Det blir forresten veterinærkontroll mandag 4.3.

 

 

2013-02-18

 

24290 gram, 2770 til 3350.

 

 

2013-02-19

 

25420 gram, 2890 til 3570. Valpane trengs å sosialiserast, så i dag har me hatt besøk av 1. og 2. klasse frå skulen. Her er ein gjeng frå andre klasse:

 

 

 

2013-02-20

 

25980 gram, 2980 til 3620. I dag har dei fått ormekur igjen.

 

 

2013-02-21

 

Gidda ikkje å vege idag, blei så seint. Dei fekk seg nokon minutt ute for første gong.

 

 

2013-02-22

 

27500 gram, 3160 til 3880. I dag har igjen fått ein kort tur ut. Tungt å bere på 27 kg ned trappene...

Her er ein video frå lek på kjøkkengolvet.

 

 

2013-02-24

 

I dag har dei og fått vore ute litt. To av dei har og fått seg ein kjøretur, ingen problem det, men det var nok trygt at mora var med i buret. Storebror Lampard er endeleg blitt med å leike og:

Og her ein video frå leiken, beklagar at det var litt mørkt. Stor fil...

 

 

2013-02-25

 

Kvelpane fekk prøve seg på eit skinn frå ein hjort som var påkøyrd på morgonskvisten idag. Ingen viste det minste tegn til skepsis. Sjå video her.

 

 

2013-02-27

 

Kvelpane er no registrerte i NKK, men namn/reg.nr er enno ikkje para med hund. Det vil bli gjort innan veterinærkontrollen på mandag. Elles går det no mykje i leiking med storebror:

og så skal absolutt alt utforskast:

 

 

2013-03-05

 

One.com har vore nede det siste døgnet, derfor ingen oppdatering frå veterinærkontrollen før no. Ingen overraskelsar der:

3 tisper med "Liten navlebrokk ca 1 cm. Sannsynligvis uten betydning for hunden"

1 hannhund med "Finner en testikkel på rett plass", men den andre kjem nok snart ned.

Ellers alt "ua" (uten anmerkning).

 

 

 

matre.net © 2009-2011 • Privacy Policy • Terms of Use

www.matre.net